- Me gjer dette for å gje eit tilbod til reisande og støtte opp om næringslivet i regionen, i forbindelse med brann i Gudvangatunellen, skriv Vidar Hauståker, konstituert dagleg leiar i The Fjords.Ferja Fanaraaken vil ha daglege avgangar frå Gudvangen kl 9.00 og kl 15.00, og frå Flåm kl. 12.00 og kl. 18.00, og har ein kapasitet på ca 20 bilar og 190 passasjerar.
To bussar
Den vil kunne ta ein til to bussar, då med redusert bilkapasitet.Billettsal skjer kun på kaien i Gudvangen og Flåm (kaivert/ferjebillettør).- Me ønskjer i dette tidsrommet å tilby alle innbyggjarar i Aurland kommune periodekort for vaksne som passasjer med Future of The Fjords eller Fanaraaken Periodekort vil kunne kjøpast på kaien.Future of The Fjords vil gå i ordinær rute mellom Flåm og Gudvangen.Sjå rutetider på www.visitflam.com.
Kommentarer til denne saken