Set av ein million til friluftstiltak: – Håpar mange søkjer

SET AV EIN MILLION: Statskog set av ein million kroner til friluftstiltak og håpar mange vil søkja.

SET AV EIN MILLION: Statskog set av ein million kroner til friluftstiltak og håpar mange vil søkja. Foto:

Statskog trur friluftsliv i norsk natur blir meir aktuelt enn nokon gong, og håpar folk søkjer på midlar til små og store prosjekt.

DEL

Statskog set av ein million kroner årleg til bruk i samspel med frivillige organisasjonar landet rundt som jobbar med friluftslivstiltak. Det kan vera bidrag til ein kano, ein benk på ein utsiktsplass, utbetring av stiar og kva som helst som fremjar friluftsliv og berekraftig bruk av norsk natur, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Me tek i mot alle søknader frå alle stader. Me har tidlegare fått litt få søknader frå byane, so me oppfordrar spesielt søkjarar der til å bruka ordninga. Det er berre å vera kreativ. Friluftsliv og norsk natur er so mangt, seier kommunikasjonssjef Trond Gunnar Skillingstad.

To støttebeløp

Statskogmillionen går til tiltak og aktivitetar som fremjar friluftsliv, folkehelse og bruk av norsk natur i by og bygd. Ordninga har to støttebeløp; 5.000 eller 10.000 kroner.

– Små prosjekt treng ofte små bidrag for å bli realisert. Difor fell dei ofte utanfor dei store ordningane. Med nokre tusen kroner og dugnadsånd kjem det veldig mykje ut av dette, seier Skillingstad.

Fristen for å søkja midlar er ut april månad.

Artikkeltags