Seriestarten i fotball blir utsett til mai

Seriestarten for kvinner og menn blir utsett til slutten av mai, melder Norges Fotballforbund.

DEL

– Ein oppstart helga 23. – 24. mai vil gje moglegheit for to rundar før Norge sine planlagde landskampar i juni. Blir det før, vil 16. mai kunne vera ein flott dag å starta på, skriv fotballforbundet i ei pressemelding.

Det er regjeringa si vidareføring av smitteverntiltaka mot koronapandemien som er bakgrunnen for avgjerda.

Norges Fotballforbund har i samråd med Norsk Toppfotball og Toppfotball Kvinner bestemt at seriestarten blir flytta til slutten av mai.

– Forbehold må takast når det gjeld vidare tiltak og restriksjonar frå myndigheitene, men målet er å starta opp sesongen med publikum tilstades. Samstundes blir det jobba med ulike typer scenario for gjennomføring av alle turneringane, deriblant Norgesmeisterskapa. Målet er at turneringane skal gjennomførast med normalt tal kampar.

Artikkeltags