Regjeringa kom torsdag 13. januar 2022 med nye råd og retningslinjer for koronapandemien, der dei mellom anna tilrår meir fysisk undervisning ved universitet og høgskular i tråd med godt smittevern.

– Eg gler meg til å få endå fleire studentar tilbake på campusane våre, seier rektor i ei pressemelding frå HVL.

Yttri fortel at dette gjer det mogleg for høgskulen å følgje linja som ble lagt før jul om at hovudtyngda av undervisinga i januar månad er digital. Frå måndag 31. januar og frametter vil HVL tilby studentane stadig meir fysisk undervisning.

– Når det er sagt, så driv me alt no for fullt med praksis, ferdigheitstrening, simulatorøvingar og laboratorieøvingar. Dette går som planlagt og aktiviteten er god.