Gå til sidens hovedinnhold

Senter mot incest og seksuelle overgrep skifter namn

Smiso Sogn og Fjordane (Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane) byter namn til Nok. Sogn og Fjordane.

Namneendringa skjer for tilsvarande tilbod over heile landet for å styrke innsatsen mot seksuelle overgrep. Namnebytet og felles profil skal bidra til å nå betre fram til brukarane, går det fram av ei pressemelding frå Nok. Sogn og Fjordane.

Gratis lågterskeltilbod

Ordet «Nok» representerer kva Nok.-sentra jobbar med – å gje dei som er utsette for seksuelle overgrep – og deira pårørande – eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod. Nok. Sogn og Fjordane tilbyr også undervisning og rådgivning til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar.

Dagleg leiar for Nok. Sogn og Fjordane, Chatrine Elholm, er glad for det nye namnet. Nok.-sentra jobbar for ei betre framtid for dei som er utsett, og for å hindra at nye overgrep skjer. Med nytt namn og ny visuell identitet, ønsker dei å gjera denne jobben endå betre, går det fram av pressemeldinga.

Ein av tre kvinner

– Nok. representerer eit tydeleg stopp-punkt og speglar visjonen til alle Nok-sentra; «Ingen skal bli utsett for seksuelle overgrep». Likevel skjer det. Ein av tre kvinner og ein av ti menn opplever seksuelle overgrep. Nok.-namnet markerer endring, håp og framtid i tråd med slagordet «Saman finn vi vegen vidare», seier Elholm i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken