Sender ut farevarsel om mykje snø og sterk vind

Snø og vind vil gje krevjande forhold i høgda.

DEL

Frå laurdag morgon til søndag morgon er det venta ein del snø over 500 moh.

Lokalt kan det koma 30-50 cm på Vestlandet sør for Stad, melder varsom.no.

Samstundes er det venta sterk vind, og det vil gje vanskelege køyreforhold i høgda. Varsom.no har sendt ut gult farevarsel om vêrtilhøva.

Snøfokk i fjellet gir redusert sikt og moglegheit for kolonnekøyring og stengde vegar.

Eit stormsenter er på veg inn mot Noreg, og vil gje skikkeleg ruskevêr i helga. Vegtrafikksentralen i Lærdal er budd på at dei får mykje å gjera dei komande dagane.

– Det kjem i helga der det vanlegvis er litt ekstra trykk frå før. No er det også vinterferietid, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken