Semje om erstatning til pelsdyrbøndene: – Kan ikkje ha samvit til å lata dei venta i månader og år

FORBOD: Det såkalla pelsdyrforliket vart presentert på ein pressekonferanse i føremiddag. Då Stortinget vedtok å legga ned pelsdyrnæringa 1.juni i fjor, betydde det slutten for 170 pelsdyrgardar i landet. (Illustrasjonsfoto)

FORBOD: Det såkalla pelsdyrforliket vart presentert på ein pressekonferanse i føremiddag. Då Stortinget vedtok å legga ned pelsdyrnæringa 1.juni i fjor, betydde det slutten for 170 pelsdyrgardar i landet. (Illustrasjonsfoto) Foto:

Pelsdyrbøndene får erstatning, men ingen veit kva det vil kosta.

DEL

– Me er stornøgde med avtalen og håpar også at pelsdyrbøndene er det, sa stortingsrepresentant for Frp, Morten Ørsal Johansen, då han saman med landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) la fram det såkalla pelsdyrforliket i ein pressekonferanse i føremiddag.

Store tap

Sidan Stortinget vedtok eit forbod mot pelsdyrhald i juni 2019, har det vore diskutert mykje rundt framtida til pelsdyrbøndene som må leggja ned drifta før februar 2025.

Vedtaket betyr slutten for 170 pelsdyrgardar og vil føra til store økonomiske tap for pelsdyrbøndene. Den største sigeren for pelsdyrbøndene er at kompensasjonen ikkje skal reknast ut frå bokført verdi, går det fram av avtalen.

Frp er no blitt samde med regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF om at pelsdyrbøndene skal få erstatning etter det som vert omtala som ekspropriasjonsmessige prinsipp. Det tyder at kvar pelsdyrgard skal takserast etter prinsippa om ekspropriasjon.

– Dette må me sjå på som ein siger, seier Guri Wormdahl, kommunikasjonssjef i Norsk Pelsdyralslag til VG.

God avtale

– Det er ein veldig god avtale me har kome fram til. Me har vore opptekne av at dette skal pelsdyrbøndene skadeslause ifrå, i alle fall økonomisk, sjølv om me er klar over at det for dei fleste pelsdyrbønder er hardt nok å måtte leggja ned produksjonen sin. Ein snakkar om eit livsverk som dei har brukt mykje tid, pengar og energi på. Det har vore viktig for oss i Frp å få gjort noko med, sa Johansen.

Kor mykje det vil kosta totalt, er det ingen som veit. Regjeringa har tidlegare føreslege rundt 700 millionar kroner i kompensasjon, over 3,5 millionar kroner til kvar gard.

På pressekonferansen var det ikkje mogleg å slå fast kva sluttsummen blir.

– Det er umogleg å berekna noko beløp, for dette skal takserast, seier Ørsal Johansen.

Vil ikkje venta

Det vart også signalisert at det skal skje kjapt.

– Dei pelsdyrbøndene som har avvikla drifta si, er avhengige av å få kompensasjon så fort som mogleg. Me kan ikkje ha samvit til å lata pelsdyrbøndene venta i månader og år på at noko skal skje.

Me har fått til ein avtale som kan setjast i verk ganske umiddelbart, slik at dei får den kompensasjonen dei har fortent når me no har gått til det steget å leggja ned pelsdyrnæringa. Det er ein god og anstendig avtale som vil syta for at pelsdyrbøndene er skadeslause, sa Ørsal Johansen på pressekonferansen.

– Me er storfornøgde med dette og håpar at også pelsdyrbøndene er det.

Artikkeltags