Seminar om korleis ein skal unngå konflikt i friluftsområde

Publisert 15.05.2019 kl. 17.31.

Vestlandsforsking og Sogndal kommune inviterer til seminar om korleis me kan unngå konfliktar når stadig nye grupper tek stiar og friluftsområde i bruk.


Nes kommune i Hallingdal vil dela sine erfaringar med dette.


- Dialog er som regel beste vegen til løysing, og no inviterer vi alle grupper som vil lære meir om korleis andre kommunar har lagt til rette for ulike brukarar, seier forskar Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking. 


Han leiar seminaret, som finn stad i Sogndal den 5.juni.