Etter ein tøff pandemi har Flåm bilutleie kome seg opp att, og vel så det. I 2022 dobla dei resultatet frå fjoråret. Årets resultat har ikkje kome, men Vidme kan likevel melda at dei har slege alle rekordar.
– Me veks enormt, seier Vidme.
Med ein omsetnad på nesten ni millionar, og eit godt samarbeid med reiselivsgiganten Norways best, er det lang veg frå selskapets spede barndom.
– Me har blitt mykje større enn me i utgangspunktet trudde me ville bli.
Frå Heimly til Stegasteinen
I 2006 dreiv han Heimly pensjonat, og det var i samband med denne drifta han opphavleg enda opp med eit par bilar og ein minibuss.
– Det var berre gjestene våre me køyrde rundt på den gong då, fortel han.
Det heile endra seg då dei byrja køyra til Stegasteinen. I byrjinga var det berre ein tur til dagen.
– Det har balla på seg sidan då.
No køyrar dei minimum ti turar kvar dag, og har mange fleire køyretøy enn i 2006.
Vidme trur ein stor del av suksessen deira kjem frå korleis dei handterte pandemien.
– Eg permitterte først, men innsåg kjapt at det blei for dumt og tilsette dei igjen.
Heilgraderinga gjorde at han var klar til å køyra for full maskin når pandemien var over. Og det løna seg. Frå førre normalår – 2019 – til første år etter pandemien auka han omsetnaden frå fem til nesten ni millionar.
Ein konsekvens av veksten er at dei må omorganisera seg, ifølgje Vidme.

Går mot tidenes sesong, det er berre eitt skjær i sjøen
Må halda til i Flåm
Ragnar Vidme er 73 år, og meiner det blir for tungvint for ein på hans alder å læra seg til dei moderne måtane å driva eit selskap av denne storleiken. Han peikar på fakturering, bestilling, vaktplan og rekneskap som utfordringar. Attpåtil føregår alt heime hjå Vidme.
– Døgnet er ikkje langt nok, og me er for få folk om det administrative arbeidet.
Difor meiner han det er på tide med ei omorganisering.
– Ei omorganisering som kostar pengar?
– Det handlar ikkje om kapital. Selskapet går godt og me omsettar for vel 12 millionar i år, seier Vidme og legg til:
– Pengar betyr ikkje alt. Eg likar å skapa noko – å få til noko for lokalsamfunnet. Det er det som er drivkrafta mi.
Av den grunn er det ein føresetnad for salet at bedrifta framleis skal halda til i Flåm.
– Eg er flåmspatriot.
Flåmspatriotisme
Vidme vil ikkje seia noko om pris, men kan røpa at prisen kjem an på kjøparen.
– Eg sel ikkje for å tena pengar, då kunne eg seld ut av bygda. Men er det ein lokal så kan det gå billigare føre seg.
Svein Frisvoll er forskar hjå Ruralis. Han meiner lokalt eigarskap er veldig viktig for lokalsamfunnet.
– Lokale eigarar er bunde av fleire typar sosiale roller i lokalsamfunnet. Dei kan vera både foreldre og arbeidsgjevarar. Såleis har dei interesse av at lokalsamfunnet er levande, og investerer gjerne lokalt for å få det til.
Ragnar Vidme er eit typisk døme på dette. For utanom Flåm bilutleie har han vore involvert i ei lang rekkje selskap, og vil halda fram med å vera det når bilutleigen er seld.
Lokal eller kapital
Med salet av Flåm bilutleie kan ein byrja sjå konturen av ein trend i Flåm. For i desse dagar held også Aud Melås på og luftar sitt selskap, Flåmsbrygga, for sal. Dels av same grunnar – alder og vekst. I hennar tilfelle er investeringsbehovet ein større del av årsaka.

– Kven som helst kan byggja eit hotell, men ikkje kven som helst får det til å gå bra
– Det handlar om kapitaltilgang, forklarar Frisvoll.
Ifølgje Frisvoll er bakdelen med lokalt eigarskap at dei ikkje har like stor moglegheit for å gjera nødvendige investeringar, spesielt dei kapitalintensive.
– I reiselivsbransjen får du sesongsyklusar i tillegg, og med kontinuerleg investering og utvikling av produkta, bygning, oppleving – ja, alt. Då er det lett for lokale eigarar å møta veggen fordi dei ikkje har tilgang på nok kapital til å gjera investeringane som må til.
– Det høyrest ut som det er rigga mot lokalt eigarskap?
– Det er eit slags paradoks. Har du ei næring med låg lønsemd og høgt investeringsbehov så får ein ikkje bygd kapital.
Vidme er klar på at han har tilgang på kapital, men legg ikkje skjul på at det er usikkerheit i vente for Flåm av same grunn:
– Me har fleire i Flåm som har bygd opp selskap som dette på eigehand. Det vil nok merkast den dagen cruisa forsvinn ut av fjorden.