Seks entreprenørfirma vil utbetra Seimsdalstunnelen

KRAFTIG LØFT: Seimsdalstunnelen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og vart opna i 1962. No skal tunnelen skal utvidast.

KRAFTIG LØFT: Seimsdalstunnelen er einaste veg mellom Seimsdalen og Årdalstangen, og vart opna i 1962. No skal tunnelen skal utvidast. Foto:

Firmaet Bertelsen & Garpestad AS har det lægste bodet.

DEL

Vestland fylkeskommune hadde seks tilbod på bordet ved anbodsopninga for Seimsdalstunnelen i Årdal.

– Interessa for fylkesvegprosjektet var stor, me er nøgde med konkurransen og tilboda og gler oss til å koma i gang med arbeidet, seier Jørn Fosen Simonsen, prosjektleiar i fylkeskommunen i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

No skal dei innkomne tilboda kontrollreknast og kvalitetssikrast. Fylkeskommunen opplyser at dei ser føre seg å ha ei innstilling klar i løpet av september, med mogleg kontraktskriving med entreprenør i oktober.

Oppstart i haust

Arbeidet med tunnelen vil då kunna starta i månadsskiftet oktober- november.

Den eksisterande tunnelen vart opna i 1969. No skal Seimsdalstunnelen utbetrast slik at den tilfredsstiller føreskrifta for tunneltryggleik og det skal samstundes leggjast til rette for gåande og syklande mellom Seimsdalen og Årdalstangen.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 325 millionar kroner.

Tabellen viser innkomne tilbod, med atterhald om at kontrollrekning, kvalifikasjonsvurdering og tilbodsevaluering kan medføra endringar, opplyser fylkeskommunen:

Namn på tilbydar

Tilbodssum ekskl. mva.

Bertelsen og Garpestad AS

205 075 663,40

Flage Maskin AS

217 941 342,90

Kruse Smith Entreprenør AS

234 664 859,32

Aurstad Tunnel AS

239 950 898,59

Mesta AS

242 521 699,00

Risa AS

259 364 643,62


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken