Me i Sogn Avis vil gjerne ha desse bileta inn til oss og set pris på om du vil sende dei til redaksjon@sognavis.no

Hugs å skriva ein utfyllande tekst om kvar du har teke bilete, kven som er på bilete og kven som er fotograf.

Det er også veldig kjekt om me får bilete som syner kva aktivitetar sogningane driv med no på seinsommaren.

Og så vankar det ein premie eller fleire til nokre av dei som sender inn bidrag.