Gå til sidens hovedinnhold

Sauebønder frå Sogn og Fjordane får skryt for kvalitetssau

Artikkelen er over 1 år gammel

Visedirektør i Nortura, Hans Thorn Wittussen kom med skryt til sauebøndene i Sogn og Fjordane på fagsamling sau.

Nortura, Fylkesmannen i Vestland og Sogn og Fjordane Sau og Geit arrangerte fagsamlinga sau på Thon Hotell i Jølster i byrjinga av januar. Om lag 100 personar møtte opp til lærerike dagar med sau i fokus. Ein av føredragshaldarane på fredagen var Hans Thorn Wittussen, visekonsernsjef i Nortura, skriv Sogn og Fjordane Bondelag på sin nettstad.

Skryt av sauebøndene

Wittussen gir skryt til sauebøndene i Sogn og Fjordane for sesongen 2019 som har levert ein høgare andel gourmetlam enn landsgjennomsnittet i 2019. Sesongen i fjor var ein jamn sesong med god utnytting av slaktekapasiteten. Sogn og Fjordane leverte ca. 98 prosent samanlikna med 2018 tala.

Ei gledeleg nyheit er at reguleringslageret for sauekjøt no er tomt. Grunnen til dette er at det som allereie låg der har blitt kjøpt ut, Nortura har eksportert ca. 600 tonn sauekjøt til Oman, òg det har vore ein auke i etterspurnad i den norske marknaden.

– No er det lov å snakka om sauekjøt igjen, det er ikkje lenger berre lam som er etterspurt, seier Wittussen.

Reguleringslager

Samtidig som reguleringslageret for sauekjøt har gått ned, har det vore ein stor auke på reguleringslageret for lammekjøt. Lageret har gått frå ca. 1400 tonn til ca. 2900 tonn, og det kjem til å bli krevjande å tømme lageret før ny sesong. Kjøt som har hamna på reguleringslager kan ikkje eksporterast og må difor omsetjast i den norske marknaden.

– Me har fleire produkt som me jobbar med å få ut i marknaden samt at me jobbar mot kjedene for å utvida sesongen for fårikålkjøt og pinnekjøt, seier Wittussen.

Ser resultatet av tøffe tak

Nortura har gått gjennom tøffe tak dei siste åra, men ser no at tiltaka dei har sett i verk lønar seg. Omfattande strukturendringar har vore gjennomført dei siste 10 åra der målet har vore å effektivisere for å kunne vere med i den stadig tøffare konkurransen, skriv Sogn og Fjordane Bondelag på sin nettstad.

– Me har konkurrentar som har samla seg på nokre få anlegg og som dermed kan drive meir effektivt enn oss. Me har mottaksplikt og må difor ha anlegg som dekkjer heile landet. Dette gir oss eit meir krevjande utgangspunkt samanlikna med konkurrentane våre, forklarar Wittussen.

– Politikarane har lagt rammevilkåra og då må me gjera det me kan innanfor dette for å levera best mogleg for den norske bonden.

Kommentarer til denne saken