Gå til sidens hovedinnhold

Sau påkøyrd på riksveg 13

Politiet har lite å melda frå ei roleg midtsommarnatt i nordlege delar av politidistriktet.

På rv. 13 ved Røysane i Vik vart ein sau påkøyrd natt til tysdag. Viltnemnda har her vore involvert i etterkant. Politiet har ikkje fått melding om skader på køyretøy eller personar etter samanstøyten.

Også ein hjort vart påkøyrd i natt; dette skjedde i Angedalsvegen i Førde.

Kommentarer til denne saken