Sat med beina på dashbordet: – Svært farleg om ulukka skulle skje

DEL

Statens vegvesen hadde måndag kontroll i Sogndalsområdet. I to av bilane fekk passasjeren tilsnakk og rettleiing når det gjeld rett sittestilling i køyretøy.

– Det er svært farleg å sitta med beina oppe på dashbordet om ulukka skulle skje, melder Svein Arne Henjesand.

Belta var på

Under kontrollen vart 322 køyretøy observerte om bilbeltet var i bruk. Kontrollørane såg berre ein person som ikkje brukte bilbelte. Denne personen fekk trafikkgebyr for manglande beltebruk.

- Me er svært nøgde med at så mange nyttar verneutstyr under køyring.

Ein person vart meld for å køyra bil utan å ha førarrett for personbil. Den var utgått grunna manglande mørkekøyringskurs.

Åtte køyretøy fekk teknisk mangel på lys, ein tilhengar fekk teknisk mangel på bremser og to køyretøy fekk mangel grunna svart nasjonalmerke på registreringsnummeret.

Småplukk på Håbakken

Ein kontroll på Håbakken viste at dei fleste har alt i orden. 145 tunge køyretøy var innom, og 13 vart sjekka nærmare. Ein ukrainsk bileigar fekk gebyr for manglande bombrikkeavtale. Ein sjåfør måtte rydda opp på dashbordet og fjerne ting som hindra sikta ut frontruta.

Eit utenlandsk transportfirma fekk bruksforbud for brot påbbestemmelsane om kabotasje, der det var feil/mangel på fraktbrev. To motorvogner fekk mangelsetel for mangel på nærlys. Elles fekk nokre sjåførarreaksjon for mindre brot på køyre- og kviletidsreglane, skriv Statens vegvesen.

Artikkeltags