FIRDA: Måndag ettermiddag vart det meldt at to avgangar på Lavik – Oppedal var innstilte, på grunn av ladeproblem på sambandet.
Ettersom at dette er påskas siste heimfartsdag, var det sett inn ei ekstraferje for at ferjesambandet skulle bli trafikkert av fire ferjer i den verste trafikktida.
Men på føremiddagen melde Norled på sine nettsider at dei måtte ta ut ekstraferja, grunna tekniske problem. Sambandet er difor på ubestemt tid trafikkert med tre ferjer, som på vanlege dagar.
Etter det tok det ikkje lang tid før det fylte seg opp med kø. På Laviksida var det om lag 1,3 kilometer kø frå ferjekaia i 13.20-tida. Det fortel ein firdatipsar.
Han fortel at dei som står bakarst i køen truleg må vere førebudd på å vente ein time eller ein time og tjue minutt, dersom dei er uheldige.
Første påskedag var det også fullt på ferjekaia frå klokka eitt til klokka åtte. Etter det innringaren kan sjå, så tippar han at det kjem til å hope seg meir opp gjennom ettermiddagen.
Til Firda seier Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Ken Hove Holm, at den mengden trafikk ein ser siste dag i påska er vanleg.
– På Oppedalsida er det også observert lang kø, og det kjem nok til å vare utover dagen, seier Holm.
Trafikkoperatør John Andreas Omdahl ved Vegtrafikksentralen Vest fortel til Firda klokka 17.42 at køane på sambandet har vore stabile i fleire timar måndag ettermiddag. Med det siktar han til at køstorleiken verken har vore særleg lenger eller kortare enn rundt ein kilometer.
– Om ein hadde hatt inne ekstraferja så hadde ein nok spist unna trafikken. No har ein måtte rekne med om lag 40 minutt ekstra ventetid, seier han.
Men slik blir det ikkje. Kort tid etter samtalen med Firda twitrar Vegtrafikksentralen at grunna dei tekniske problema med MF Ampere så blir det tre ferjer på sambandet resten av dagen.
I 20-tida vert det meldt at køane ved ferjekaiane ikkje lenger er store.
— Køane har minka kolossalt samanlikna med korleis det var klokka 18 i dag, fortel Christer Eide ved Vegtrafikksentralen.