Gå til sidens hovedinnhold

Brøytebilen skulle hjelpa bil som stod fast. Det gjekk ikkje heilt etter planen

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesveg 13 over Vikafjellet vart stengd i morgontimane i dag på grunn av eit trafikkuhell.

Ein brøytebil har vore involvert i uhellet.Eit par bilistar har køyrt forbi med firehjulstrekk. Vegvesenet har hatt kontakt med entreprenør for å hjelpa til slik at dei kjem seg ned att.Trafikkuhellet skjedde då ein brøytebil skulle hjelpa ein bilist som stod fast. Det enda med at dei stod fast begge to, får Sogn Avis opplyst frå Statens vegvesen.Bilbergar er på veg, og det er rekna med at vegen kan opnast att relativt raskt.Klokka 08.41 vart det meldt at fjellovergangen var venta opna i løpet av ca. ein time. Men ein time seinare hadde Vegtrafikksentralen ikkje fått beskjed om at vegen er opna att.Klokka 09.55 melder Vegtrafikksentralen på Twitter at vegen er open.

Kommentarer til denne saken