Fjellovergangane opna att

Foto:Tindevegen

Foto:Tindevegen

Av

Snøfall har stengt fleire av fjellvegane. No er det fritt fram att, men ikkje over Aurlandfjellet.

DEL

Tindevegen vart nattestengd i går, og var venta opna klokka 08.00. No går det mot opning i føremiddag.- Me satsar på opning klokka 10.00, seier Frank Eldegard, styreleiar for Tindevegen.- Me må ha over ein bil så me får skubba vekk dette kvite i første omgang, det er me i sving med å gjera no. Vegen er no opna att.

Uvanleg

Bileta frå bommen på Turtagrø talar sitt tydelege språk torsdag morgon. Der ligg det fleire centimeter snø. Når det sist har skjedd, er han usikker på.- Det har vel kanskje vore litt snøfall, men at det har vore nødvendig å brøyta på denne tida, kan eg ikkje hugsa å ha høyrt, seier Eldegard.

Sognefjellet og Aurlandsfjellet

Også Sognefjellet har vore stengt i natt. No er fylkesvegen mellom Sjolden og Lom opna att.På fylkesveg 243 Aurlandsfjellet er det framleis stengt. Der blir det ny vurdering om opning klokka 12.00 torsdag. SISTE: Like etter klokka 12 melder Vegtrafikksentalen at også Aurlandfjellet er opna att.

Artikkeltags