Aksepterer ikkje manglande vilje til å ta miljøkostnader

KRITISK: Fylkesordførar Jenny Følling etterlsye vilje til å ta miljøansvar. (Foto: Runar Bjørkvik Mæland, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

KRITISK: Fylkesordførar Jenny Følling etterlsye vilje til å ta miljøansvar. (Foto: Runar Bjørkvik Mæland, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Av

- Manglande vilje på Stortinget til å ta miljøkostnadene, kan føre til at klimaomstillinga stoppar opp. Dette er ikkje akseptabelt.

DEL

Det sa fylkesordførar Jenny Følling i talen sin til fylkestinget i dag, 4. juni.- Fylkespolitikarane har store ambisjonane om å redusere utsleppa, men om me vil makte det økonomisk, er det store spørsmålet. Me har sett av 105 millionar per år til å kjøpa universelt forma ut og miljøvenlege hurtigbåtruter frå 2022, sa Jenny Følling i talen for det siste junitinget i Sogn og Fjordane fylkesting.

Trongare tider

Miljøvenlege transportløysingar var ei av sakene Følling brukte mykje tid på. Følling minna om at det ligg an til å bli tronge økonomiske tider framover, og peika også på at samarbeidsfylket Hordaland har brukt store ressursar på å leggje om til miljøvenlege ferjer. Ho meiner storting og regjering må setje fylkeskommunen i stand til å ta dei rette vala, går det fram av ei pressemelding frå møtet.

Kostar

- Det kostar å følgje opp nye lovkrav, fornying av fartøy og ny og grøn teknologi. Me har jobba iherdig opp mot nasjonale myndigheiter for å få dekka kostnadene med omlegging til fossilfri transport, men fekk dessverre inga draghjelp i kommuneproposisjonen for 2020, sa Følling, og la til at me ikkje kan lata omstillinga gå ut over rutetilbodet til folk, auka billettprisar eller kutt i dei vidaregåande skulane.

Kompetanse

Følling peika på at fylkeskommunen styrkar kompetansen, deltek i utviklingsprosjekt og gjennomfører dialogar med marknadsaktørar for å finne ut kva som er teknisk og økonomisk mogleg når det gjeld miljøvenleg teknologi.Sogn og Fjordane har òg eit klimasatsprosjekt saman med Hordaland og Trøndelag om infrastruktur for framtidas hurtigbåtar, og gjennomfører dialogmøte med kommunane.Samstundes trengst større draghjelp frå statleg hald for å realisere omstillinga, meiner fylkesordføraren.- Noreg har blitt eit rikt land på grunn av store inntekter frå fossil energi. Noko av dette bør gå til å betale for heilt nødvendig omstilling til utsleppsfrie transportløysingar.

Artikkeltags