Gå til sidens hovedinnhold

Lasta var på veg ut av vogntoget

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjåføren på eit litauisk vogntog vart meld for dårleg sikra last etter ein kontroll på Håbakken tysdag.

Lasta hadde forskyvd seg og var på veg ut av køyretøyet. Sjåføren hadde ikkje etterstramma den lastsikringa som var nytta, skriv Statens vegvesen. 35 køyretøy vart kontrollerte, seks av dei fekk bruksforbod.

20.100 i bot

Eit norsk vogntog var lasta ut over reglane for vekt. Selskapet fekk 20.100 kroner i overlastgebyr for dette. I tillegg hadde ikkje selskapet betalt rett vektårsavgift for å nytta vegnettet med vogntog. Firmaet vil få eit krav på innbetaling for dette.Eit svensk firma som dreiv godstransport vert meld for ikkje å ha transportløyve / fellesskapsløyvet i orden. Sjåføren fekk i tillegg trafikkgebyr for utslitne dekk. Dekket var så slite at corden stakk ut.Ved den same kontrollen vart ein polsk og ein svensk sjåfør melde fordi dei ikkje stogga for kontrollen.Ein sjåfør i eit rumensk vogntog hadde ikkje førarrett for å køyra vogntoget. Han vert meld for dette.Ein norsk sjåfør fekk køyreforbod på grunn av dårleg sikra last. Eit polsk vogntog var også overlasta. Her vanka det eit gebyr på 4.250 kroner.Ein norsk sjåfør måtte ut med 8.000 kroner i bot for manglande bombrikke. Ein tysk sjåfør vart vidare meld for brot på reglande om køyre- og kviletid.

Kommentarer til denne saken