Gå til sidens hovedinnhold

Samarbeidet mellom Bakke og Rognsø: - Det har gått ei kula varmt allereie

Artikkelen er over 2 år gammel

- Me skal ikkje vera samde heile tida. Me har grundige diskjonar på kvifor me gjer som me gjer.

Fotballpodkasten Radl om badl er ute med ny sesong. I første episode i sesong tre har programleiarane Endre Romøren og Morten Sortland med seg Sogndal-trenar Eirik Bakke, som går på sin femte sesong som hovudansvarleg for laget, og Terje Rognsø, som snart har fullført tre månader i sin nye jobb som dagleg leiar i klubben. Her blir det snakk om sesongenstart mot Sandnes Ulf søndag, ryddejobben som er gjort vinter og så blir det ei oppramsing av topp 3-sitat med Eirik Bakke.Terje Rognsø snakkar ut om tida i Florø og korleis han ser på framtida for klubben i kystbyen, om feiringa som gjorde at akillesen rauk etter ei overtidsscoring mot Årdal FK og kvifor båten hans sank grunna manglande vedlikehald og ettersyn. Dette og mykje meir snadde kan du høyra i podkasten ved å trykka på lenka under, via Soundcloud eller i iTunes.

Kommentarer til denne saken