Gå til sidens hovedinnhold

Saknar du papiravisa i postkassa? Her er forklaringa

Dei siste dagane har redaksjonen i Sogn Avis fått fleire både telefonar og e-postar frå fortvila abonnentar som ikkje har fått papiravisa. Årsaka er problem med distribusjonen i nokre område. Ikkje alle avisene i Amedia er råka, men problema skapar veldig mykje trafikk inn til kundesenteret. Dette gjer at ventetida på telefonen vert veldig lang.

– Me har alle tilgjengelege ressursar på køane. Om ein kunde ber om å verta ringt attende, kan det ta litt lenger tid enn vanleg. Men alle som ber om å verta ringt opp att, blir ringt opp att, fortel Erlend Husby.

Utfordringane med distribusjonen vert arbeidd med, og vonleg går det ikkje for lenge før dette er i orden. Inntil vidare vert det produsert ekstra opplag til dei hardast råka områda.

Kommentarer til denne saken