Sakna mann i 60-åra funnen i god behald i Jotunheimen

Vedkomande hadde ikkje behov for helsehjelp eller anna bistand.

DEL

Torsdag blei politiet varsla om ein mogleg sakna mann i 60-åra ved Koldedalsvatnet på Eidsbugarden. Familien hadde ikkje fått kontakt med mannen dei siste dagane etter ein fjelltur i området.

Politi, frivillig mannskap og redningshelikopter blei sendt mot staden for å setja i gang søk.

Like etter klokka 16.00 melde politiet på Twitter at mannen var funnen i god behald.

– Han har ikkje behov for helsehjelp eller anna bistand. Han går sjølv ned til bilen sin. Mannen blei funnen med helikopter og leiteaksjonen er no avslutta, seier Stein Rune Halleraker ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.


Artikkeltags