– Den sakna er komen til rette. Ho er sett i kontakt med helsevesenet. Redningsaksjonen er avslutta. Politiet takkar alle frivillige som har vore med i søket.
Det skriv Vest politidistrikt på Twitter klokka 05.44 tysdag morgon.
– Jenta vart funnen i eit bustadfelt i nærleiken av eigen bustad. Ho får tilsyn av helse, seier Stine Mjelde, operasjonsleiar hjå Vest politidistrikt til Sogn Avis.
Politiet kan ikkje seia noko om kvifor jenta var borte frå heimen sin så lenge.
Dukka ikkje opp på skulen
Ho vart sist sett søndag kveld og vart meldt sakna av familien måndag ettermiddag. Dei hadde fått telefon frå skulen om at jenta ikkje hadde dukka opp der.
Det har natt til tysdag gått føre seg søk etter jenta, som i firetida vart funnen i god behald.