Såg lause hestar langs fylkesvegen

Politiet har fått melding om at dei to travarane har teke seg ein tur i morgontimane.

DEL

Politiet fekk tysdag morgon melding ved 06.30-tida om to hestar som går og traskar langs fylkesveg 55 ved Fruli, mellom Hafslo og Indre Hafslo.

– Me veit ikkje var dei er på veg, seier operasjonsleiar Morten Rebnor i Vest politidistrikt.
Han seier politiet er i kontakt med vegtrafikksentralen og at ein trur hestane kan ha reist frå ein gard i nærleiken.

– Skulle nokon lesa dette og vita kven sine hestar dette kan vera, ber me om at dei tek kontakt snarast, er oppmodinga.

Klokka 07.10 fekk politiet kontakt med eigaren av hestane som kom raskt til og fekk teke hand om dyra.

Artikkeltags