Så mange trur dei har køyrd med promille

FLEST MENN: Det er flest menn i alderen 30-39 år som køyrer med promille og me finn veldig mange av dei på Vestlandet.

FLEST MENN: Det er flest menn i alderen 30-39 år som køyrer med promille og me finn veldig mange av dei på Vestlandet. Foto:

Ein av fire menn seier at dei har køyrd bil utan å vera sikre på at dei var edru.

DEL

– Å køyra bil dagen derpå kan alltid vera ein risiko, så er du i tvil skal du la bilen stå, seier UP-sjef Steven Hasseldal i ei pressemelding frå Frende Forsikring.

Statistikken forsterkar seg ved at sju av ti trafikkdrepne i fjor var menn. For der 26 prosent av menn seier dei har vore usikre, er det «berre» ein av ti kvinner som seier det same.

Tala er henta frå ein fersk undersøking Norstat har utført for Frende Forsikring.

Skaff deg skyss

– Me ser at mange drikk litt ekstra alkohol i ferien, men då må du skaffa deg skyss. Alkohol og bilkøyring høyrer aldri saman, seier Roger Ytre-Hauge som er fagsjef på motor i Frende Forsikring.

– Me ser ei generell overvekt av menn når det gjeld lovbrot i trafikken. Spesielt på grove fartsoverskridingar, der er 90 prosent menn. Difor tyder mykje på at menn tek fleire sjansar i trafikken enn kvinner. Her må det truleg ei haldningsendring til. UP har ein nullvisjon for tal drepne og hardt skadde i trafikken, seier UP-sjef Steven Hasseldal.

Mange på bilferie

UP seier at sommaren er sesong for å køyra for fort og i ruspåverka tilstand.

– Nesten halvparten av ulukkene med hardt skadde og drepne i trafikken skjer i sommarmånadane juni, juli og august, seier Hasseldal.

Frende si undersøking viser at ein av fem vel bilferie denne sommaren.

– Det vil definitivt vera auka trafikk på smale norske vegar i sommar. Om du køyrer utan å vera heilt edru eller våken etter festen kvelden før, kan det bli livsfarleg for deg og dei du er mest glad i, seier Ytre-Hauge.

Det er flest menn i alderen 30–39 år som køyrer utan å vite at dei er edru, dei utgjer 28 prosent. Kanskje ikkje overraskande at dei fleste av dei, 26 prosent, bur i Oslo.

Som ein god nummer to på lista kjem Vestlandet med 21 prosent.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken