Like etter klokka 01 blei naudetatane kalla ut til einebustad i Vik då det blei meld om røyk frå ein stikkontakt.
Det var fem personar i huset, to vaksne og tre born. Det blei lufta ut, og personane blei sett til av ambulansepersonell på staden.
– Éin blei eksponert for litt røyk, men det var ikkje behov for vidare oppfølging. Ingen skadde, seier operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Steinar Hausvik.
Uheldig hjort
Deretter må me langt av garde for å finna nattas andre hending, nemleg til Sørbøvåg, som er ei lita bygd i Hyllestad kommune.
Her møtte ein hjort på ein bil i løpet av natta.
– Det er ukjend skade på hjorten, og det er varsla vidare til viltnemnda, seier Hausvik.
Elles kan det nemnast at den einaste aktive biljardklubben i Sogn og Fjordane, Hyllestad Biljardklubb, tidlegare var heimehøyrande i Sørbøvåg, i følgje Wikipedia. Men no er denne flytta til Hyllestadhallen.
Rolege timar
Utanom dette var det rolege timar for lovens lange arm i det fredag blei til laurdag.
– Ingenting frå Sogndal, Årdal eller andre stader?
– Niks. Eg søkte på det, og det er ikkje noko, seier operasjonsleiar Hausvik.