Sogn brann og redning rykte ut til ein pipebrann på Leikanger laurdag ettermiddag.

– Me fekk melding om ein pipebrann klokka 17.27. Brannvesenet var framme etter ti minutt. Då såg det roleg ut. Det har vore brann, men det roa seg av seg sjølv. Brannen var isolert til skorsteinen, og det vart ingen andre skader, seier vaktkommandør Håkon Myking hjå Alarmsentralen 110 Vest.

Det er lagt ned forbod mot fyring.

– Feiar må først inspisera og godkjenna før dei får fyrt opp igjen.