Rykte ut til pipebrann

BRANNMANN PÅ TAKET: Brannmannskapet er på veg opp til pipa det brenn i.

BRANNMANN PÅ TAKET: Brannmannskapet er på veg opp til pipa det brenn i. Foto:

DEL

– Me har fått melding om ein pipebrann i Grindsvegen i Leikanger og rykkjer ut for å bistå med sløkkinga, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen.

Brannmannskap rykte ut frå Hermansverk i 14-tida fredag.

– Førebels er det berre brann i pipa, så me har passeleg kontroll på brannen. Me tek turen opp, sløkkjer og sjekkar pipa etterpå, seier Holvik.

Vel ein halv time seinare var brannmannskap framleis på staden, og ein politipatrulje var også komen fram. Politiet meldte like etter at det ikkje var flammar, men ein del røyk frå pipa, og at situasjonen var under kontroll.

Klokka 15.50 melder Alarmsentralen at brannmannskapa er ferdige på staden.

PIPEBRANN: Det kjem mykje røyk ut av pipa i Grindavegen.

PIPEBRANN: Det kjem mykje røyk ut av pipa i Grindavegen. Foto:

Artikkeltags