Rykte ut til pipebrann i Leikanger

DEL

Sogn brann og redning rykte tysdag ettermiddag ut til ein pipebrann i ein einebustad i Henjahaugane i Leikanger.

- Det var meldt at flammane stod over pipa. Men det gjorde det ikkje då brannvesenet kom fram, fortel vaktleiar Siv Sørstrand på Alarmsentralen.

Brannvesenet var framleis på staden klokka 17.30.

– Me veit ikkje så mykje meir, men dei rapporterte at det såg ikkje så gale ut.

Artikkeltags