Politiet opplyser klokka 11.20 torsdag om ei trafikkulukke på fv. 55 på Indre Hafslo i Luster.

Ein motorsykkel er involvert, og det skal vera snakk om ei singelulukke.

Naudetatane rykte ut til staden. Mc-føraren var skadd og blir send til sjukehus for ein sjekk.