Rykte ut til lyngbrann i Høyanger

Seksten personar var i aksjon med å sløkkja ein lyng- og grasbrann ved Vamråk på Høyanger sørside natt til fredag.

DEL

Vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen opplyser at meldinga om brannen kom inn klokka 01.45.

- Det vart kalla ut mannskap frå Bjordal og Ortnevik, og ein tankbil frå Høyanger. I tillegg vart det teke i bruk nokre gyllevogner, seier Holvik.

Han fortel at det brann i eit vanskeleg terreng mellom fylkesvegen og fjorden, at brannen ikkje spreidde seg veldig raskt og at brannmannskapa hadde kontroll.

Brannen var sløkt litt over klokka 05.00.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken