Tysdag ettermiddag vart Amfi Sogningen evakuert då ein automatisk brannalarm gjekk av.

Klokka 15:57 fekk 110 vest melding om at ein automatisk brannalarm har gått av ved Amfi Sogningen i Sogndal.

– Me har ikkje høyrt noko frå brannvesenet på staden, og det er ikkje meldt om brann, seier vakthavande 110 vest, Helge Lund.

Det er ikkje meldt om svilukt, brann eller røyk.

– Dei me har snakka me fortel at det er i forbindelse med eit teknisk rom. Det er ikkje meldt om dramatikk.