Brannvesenet i Gaupne og Hafslo rykte tysdag ettermiddag ut til ei bustadadresse i Hafslo etter melding om vasslekkasje.

– Det var utvendig vatn som hadde rent ned trappa til ein kjellar. Så hadde det fylt seg opp med vatn. Me bidrog med å pumpa å få vekk vatnet. No er alt i orden og ingen dramatikk, seier Geir Ove Sva i Sogn Brann og Redning.