Sogn brann og redning rykte onsdag ut etter observasjonar av røyk ved elva i Dalsvegen eller Hagane på Leikanger.
– Meldinga var noko utydeleg på både plassering og kva dette kunne vera, så me valde å reisa ut for å sjekka, melder vakthavande hjå Alarmsentralen 110 Vest.
Det viste seg å vera bråtebrenning, og ikkje fare for spreiing.