Gå til sidens hovedinnhold

Rykte ut etter melding om pipebrann

Fredag kveld rykte brannvesenet ut etter melding om ein pipebrann i Sogndal sentrum.

Litt over klokka 19 var brannmannskap nettopp komne fram, og Alarmsentralen 110 Vest avventa tilbakemelding frå desse.

Det er ikkje snakk om høge temperaturar på feieluke eller andre ting, blir det opplyst hos 110 Vest eit kvarter seinare.

– Men det har vore ein pipebrann. Brannvesenet er på staden for å kontrollera at det er heilt sikkert, seier vaktkommandør Sigurd Hadeland.

Kommentarer til denne saken