– Me fekk melding 08.53 om at det var ein tankbil i Lærdalstunnelen som nokon hadde observert flammar/gneistar frå bremsene på. Potensialet der kan vera stort, så me rykte ut, fortel operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.

Det viste seg å stemma at det kom gneistar frå tankbilen. Men alt gjekk bra.

– Det var truleg ei punktering som gjorde det. Tankbilen er no ute, og tunnelen er open att.

– Gneistar frå tankbil i tunnel set apparatet i sving?

– Ja, når me får slike meldingar må me reagera. Vegtrafikksentralen har kamera, og fekk stengt tunnelen raskt. Det tek jo litt tid å koma seg ut av den lange tunnelen. Men som sagt, det gjekk bra. Klokka 09.25 var alt over, fortel Mjelde.