– Det kom melding klokka 22:20 om røyk ut av ei pipe, noko som jo ikkje er så unormalt, men det var mistanke om brann, for det var meldt inn at det var observert flammar frå taket, fortel operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.

110 Vest tvitra om hendinga tysdag kveld, som altså fann stad i Feios i Vik.

– Det viste seg at det var avgrensa til pipebrann. Likevel har det nok vore flammar litt ut forbi pipa, men det var ikkje omfattande. Brannvesenet dynka med vatn rundt pipa og det er oppretta sak. Det var to personar til stades på adressa og dei hadde ikkje fått i seg røyk, opplyser Johannessen.