Rykte ut etter melding om feststøy

Publisert 15.01.2017 kl. 09.09.

Klokka 02.22 natt till søndag fekk politiet melding om høg musikk i eit sentrumsnært byggjefelt i Sogndal. Politiet skriv på Twitter at dei fann arnestaden til støyen og sløkte den effektivt.
Ein knapp time seinare vart ein mindreåring rusa person køyrd heim. Også det i Sogndal. Elles har det vore ei roleg natt for politiet i Sogn.


Les meir om: Nyhende Notis