Meldinga gjekk ut på twitter klokka 13.53 tysdag.

Ulukka har skjedd på Fjordavegen. To bilar er involvert og naudetatar er på veg.

Ulukka har skjedd på Fv 5600 ved Yste Galden.

I følgje Vest politidistrikt er det ikkje meldt om alvorlege personskader og naudetatane er no på staden.

Eivind Hellesund, operasjonsleiar at politiet fekk melding klokka 13.42. Det meldt om at tre personar er involvert i ulukka, dei skal alle vere ute av bilane.

No ventar dei på bergingsbil og det skal vera redusert framkommeligheit på staden.

I følgje Hellesund er det også meldt om glatt veg.