Gå til sidens hovedinnhold

Rykkjer ut til stort snøskred i Stardalen

Vest politidistrikt melder søndag klokka 13:06 om eit snøskred i Stardalen i Jølster.

– Det er uvisst om nokon er tekne, og me varslar no naudetatar og frivillige, melder politiet.

Dei ber folk vera obs på utrykkingskøyretøy i området. Helikopter er også på veg.

Stardalen er eit populært utgangspunkt for breturar og toppturar mellom Sunnfjord og Nordfjord.

– Skredet er stort, og har gått høgt oppe i fjellsida under toppen Tortnegrøegga. Seks personar vart observerte i området rett før skredet gjekk. Desse er ikkje gjort greie for, melder politiet på Twitter.

Kort tid seinare oppdaterer dei at dei har klart å koma i kontakt med fire personar, som alle er i god behald. Dei arbeider med å kartleggja om det er fleire i området.

Kommentarer til denne saken