Rykkjer ut til skred i Sogndalsdalen

Onsdag føremiddag har det gått eit skred ved Blåfjell.

DEL

SISTE: Søket er avslutta utan funn

– Me har ingen opplysningar om at nokon er i skredet, opplyser regionlensmann Magne Straumstein.

Det er kalla ut leitemannskap, helikopter og hundar til skredstaden.

Vest politidistrikt opplyser på Twitter at ein skiløpar har meldt om det utløyste skredet ovanfor Sogndal skisenter. Ein person er sett i nærleiken av skredet, men vedkomande er komen til skisenteret uskadd. Ei rekkje ressursar er sende til området og søk pågår, opplyser politiet på Twitter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken