Brannvesenet rykkjer ut til pipebrann i Jostedalen, melder 110 Vest klokka 15.05 laurdag.
– Det er stadfesta ein pipebrann, me på veg, men det er litt avstandar.
Det seier Stian Kvam ved 110 Vest.
Brannmannskap er dermed på veg frå Gaupne.
Kvam seier det var personar i huset som varsla om pipebrannen. Dei som oppheldt seg der, har kome seg ut.
– Brannen skal berre vera avgrensa til pipa, seier Kvam.
Klokka 15.40 seier Kvam at brannvesenet har kontroll på staden.
– Det ser stille og roleg ut og pipa blir feia no.