Naudetatane rykkjer ut etter melding om brann i kjellaren på Meieriet pub i Sogndal.

Bygget skal vera evakuert.

Alarmsentralen 110 Vest fekk melding klokka 11.22 om brann på eit kjølelager i kjellaren.

– Brannvesenet er framme og melder om full brann i kjølelager, og det er observert røyk på utsida av bygget, seier vaktkommandør Sigurd Hadeland klokka 11.34.

Det blir også meldt at røykdykkarar er i aksjon.

Politiet melder at det er brann i eit rom der det blir brygga øl. Det er ikkje meldt om at nokon er skadde.

Saka blir oppdatert.