Rykka ut til pipebrann på Hafslo

Det vart meldt om pipebrann i ein bustad på Hafslo kring klokka 23.00 på måndag.

DEL

Det melder Vest politidistrikt.

Det var noko røyk inne i bustaden. Brannen heldt seg inne i pipa, og det var elles inga skade.

Dei to personane i bustaden var uskada og hadde ikkje behov for ambulanse.

Politiet opprettar ikkje sak på forholdet.

Artikkeltags