Gå til sidens hovedinnhold

Ryddar vegen - ventar opning klokka 14

Uvêret som har herja i fjellheimen dei siste dagane, er ikkje like hissig lenger. Men framleis er det stengde vegar.

Fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengt på grunn av opprydningsarbeid. Forventa opning rundt klokka 14:00.

Riksveg 15 Strynefjellet er også stengt. På riksveg 7 over Hardangervidda er det kolonnekøyring.

Slik er stoda onsdag morgon på dei andre fjellovergangane:

Rv. 13 Vikafjellet

Stort sett snø- og isdekke. Klokka 05:45 var det -2 grader, lett bris og opphaldsvêr.

Fv. 50 Hol – Aurland

Vekslande bart og vått, snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det -3 grader, laber bris, skya og lett snø.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Vekslande snø- og isdekke. Klokka 05:43 var det -3 grader, laber bris og lette snøbyer.

E16 Filefjell

Vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05:28 var det -3 grader, svak vind og opphaldsvêr.


E134 Haukelifjell

Stort sett bart. Klokka 05:45 var det -6 grader, lett bris, lettskya og opphaldsvêr.

Fleire vegmeldingar finn du her.

Kommentarer til denne saken