FIRDA: Den russiske hackergrupa Killnet truar laurdag sjukehus og helseinstitusjonar i ei rekke vestlege land, deriblant Norge. Det var TV 2 som skreiv om saka først.

Gruppa oppdaterte laurdag angrepslista på sin Telegram-konto. Der blir følgande norske sjukehus nemnt som mål:

  • Ahus
  • Sykehuset Innlandet
  • Førde sentralsjukehus
  • Ringerike sykehus
  • St. Olavs Hospital
  • Skien sykehus
  • Stavanger universitetssjukehus
  • Tønsberg sykehus
  • Haugesund privatsjukehus
  • Universitetssykehuset Nord-Norge

– Følgjer situasjonen nøye

TV 2 var i 14-tida i kontakt med Norsk Helsenett, som har ansvar for drifta av sjukehusa sine nettsider. Då fekk dei opplyst at Norsk Helsenett undersøker saka, men at dei per no ikkje kan svare på om dei har merka noko uvanleg aktivitet.

Firda har vore i kontakt med kommunikasjonssjef Terje Ulvedal i Helse Førde. Han ønskjer ikkje å uttale seg og viser vidare til IKT-sjef Ole Jørgen Kirkeluten i Helse Vest.

Etter å ha hatt eit internt møte klokka 14:45, fortel Kirkeluten at dei no har skaffa seg oversikt over situasjonen. Han seier at det er nettsidene som driftast av Norsk Helsenett som er utsett for den type angrep som aktivistgruppa har gitt uttrykk for at dei vil gjere.

– Vi følger situasjonen nøye og har tett samarbeid med myndigheitene, seier IKT-sjefen.

Ettersom det ikkje er Helse Vest som drifter sidene, ønsker Kirkeluten ikkje å kommentere saka utover dette.

Tonar ned alvorsgraden

Mette Sanne Valles, kommunikasjonsleiar i Norsk Helsenett, seier at dei jobbar for å avdramatisere situasjonen.

– Dette er ikkje så alvorleg som det kan verke som. Det er på ingen måte fare for at informasjon frå pasientjournalar og liknande skal bli lekka, seier ho.

Kommunikasjonsleiaren ber om å gi ytterlegare informasjon skriftleg, grunna stor pågang. I ei tekstmelding til Firda, bekreftar ho at ein har registrert unormal trafikk mot sjukehusa sine felles nettstader, som førte til kortvarig ustabilitet på sidene.

Dei skal no ha sett i verk tiltak, slik at sidene er tilgjengelege. HelseCERT, helse- og omsorgssektoren sitt nasjonale senter for cybersikkerheit, følger situasjonen tett, og held dialog med råka aktørar.

– Norsk helsenett innfører nye tiltak dersom det blir nødvendig. Det er liten grunn til å frykte omfattande konsekvensar som følge av dette, seier Valle.