Russedress beskyttar ikkje mot koronavirus – sjå kva politiet skriv i eit brev til russen

Russedress beskyttar ikkje mot koronavirus. Det slår politiet fast i brevet dei har sendt til årets russ.

DEL

"Vi forstår at de er skuffa over at russetida ikkje blir slik den skulle. Men vi trur de alle skjønar kor alvorleg situasjonen er og kvifor myndigheitene har teke grep", heiter det i brevet Vest politidistrikt har sendt til årets russ i vest.

Sogndal kommune har gjengjeve brevet på si nettside.

Oppmoda til å vera kreative

I brevet blir russen oppmoda om å vera kreative og ta i bruk digitale plattformer framfor fysiske samlingar og treff.

«Ta vare på kvarandre og følg retningslinjene frå Folkehelseinstituttet», skriv politiet.

Heile brevet kan du lesa her.

Artikkeltags