SKULEAKSJON: Politiet rapporterer om både rus og høg fart under aksjon skulestart. (Illustrasjonfoto)

Ruskøyring, høg fart og fleire reaksjonar under aksjon skulestart

Politiet i Sogn og Fjordane oppsummerer aksjon skulestart 2019.

Publisert 05.09.2019 kl. 18.55. Oppdatert kl. 19.08.

- Alle må syna større respekt for tryggleiken til skuleborna og ungdomen. Det vert køyrt for fort ved og forbi skular.
Det positive sidan sist er at me har ingen reaksjonar på mobilbruk eller manglande sikring av born i bil.

Det seier Arne Johannessen, leiar for politiet i driftseining Sogn og Fjordane, i ein kommentar til resultatet frå aksjon skulestart. Aksjonen har fokus på trygg skuleveg. 

 


Meir å gjera for politiet

Politiet i heile landet har gjennomført aksjon skulestart med fokus på trygg skuleveg.


I Sogn og Fjordane har det vorte kontrollert 1.320 køyretøy. Det gav 51 reaksjonar, tilsvarande 3,86 prosent, opplyser politiet i ei pressemelding.


Dette er den høgaste reaksjonsprosent sidan 2016 då politiet hadde 5,27 prosent. Talet for 2018 var 3,5 prosent og for 2017 var talet 2,25 prosent.


Mellom anna vart ein person teken for ruskøyring og to førarkort vart inndregne grunna høg fart forbi skule.


I tillegg blei det delt ut 26 forenkla førelegg for høg fart ved eller forbi skular.


 


Les meir om: Nyhende Politi