– Me hadde eit oppdrag klokka 01.34. Ein svært rusa og aggressiv person var utanfor Sogndal hotell. Han krangla med vektar og gjekk frå staden, fortel operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt.

Politiet kom raskt i kontakt med han igjen.

– Han vart vist vekk frå Sogndal sentrum grunna oppførselen sin, fortel Johannessen.

Elles har politiet halde to promillekontrollar i Sogn. Den eine i Årdal og den andre i Lærdal.

– Her var det ikkje funne promille eller anna å utsetja på nokon av førarane, oppsummerer Johannessen.