– Eg veit førebels ikkje så mykje, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt klokka 19:12.
Han kan fortelja at det er observert røyk frå anlegget til Hydro, men at det er førebels er uklart kva som skjer.
– Me veit at det ikkje er personskadar og at industrivernet er på staden og naudetatane er på veg. No rykkjer me ut med alle ressursar og så får me sjå kor alvorleg det er. Eg veit nok meir om ei stund.
Reinseanlegg
– Me fekk melding om branntilløp i eit reinseanlegg, seier Jostein Steinsland Haugen ved Alarmsentralen til Sogn Avis klokka 19:30.
Han rapporterer at det lokale brannvesenet er på staden og har kontroll på situasjonen.
– Dei kjem til å vera der ei stund for å sikra, men er i ferd med å avslutta arbeidet.